31 januar, 2006

Hytteloftdal med NF!

HEMSEDAL med Nordfjord
Toby & Vegz, men speidar du i rett retning då, Vegz??

Veke 4 var av dei bedre vekene denne vinteren. Det vågar eg å seie allereie no. Eg var nemleg, som førre innlegg indikerte, i Hemsedal. Der instruerte eg i telemark for årets elevar på Nordfjord FHS - den beste folkehøgskulen i landet, spør du meg;) (Kanskje litt innhabil sjølv, men det får så vere:) Det var retteleg gildt, med mykje frævleik på ski. Eg fekk stått mykje saman med min kjære bror. Det var gildt. Elles fekk eg møtt både hans frendar og medelevar av meg frå mitt kull. Me var nemleg heile 5 frå mitt kull som var med som instruktørar! Gildt både å treffe dei att, og å treffe Tobias sine frendar! Berre for å gni litt inn hjå dei av dykk som har ei kjensle av at det har vorte litt for lite ski hittil i vinter, så kan eg frette at eg stod i bakken 4 dagar pluss 2 kveldar, før eg drog vidare til neste åstad for skiutflukter, nemleg sjølvaste Ljosborg!

Toby inn for landing etter eit særs heftig dropp!


19 januar, 2006

Hemsedal, veke 4


Neste veke skal eg til Hemsedal saman med Nordfjord FHS der Tobiasbror no går for å vere instruktør i telemark. Siste rapport frå Hemsedal seier 40cm nysnø..40CM PUDDER!!
Gler eg meg? Nja, nja, nja, JAAAAAAAAAAAAAA!

Livet er forresten i gong på jokerpoker.tk. Ta ein skod om du lystar.

18 januar, 2006

Djåoka-påoka har fått nytt liv!


Endeleg er sida på plass igjen! Biletet viser eit skjermbilete frå www.jokerpoker.tk

Saksa frå nettstaden:
"Endeleg er den frævleiksbaserte relasjonsåstaden erklært for opna igjen!
I lengre tid har eg arbeidd med å få jokerpoker.tk på beina att, men rikeleg med motvilje frå verdsveven har diverre stogga meg. No har eg fått trua på at blogger.com kan levere for frendane med base i nordvest. Verkeleg fått trua. Difor har eg etablert jokapoka.blogspot.com"

Håpar det kan vere til nytte og glede for Tobias og gjengen!

17 januar, 2006

jokerpoker.tk


I lengre tid har eg arbeidd med å få jokerpoker.tk på beina att, men rikeleg med motvilje frå verdsveven har stogga meg. No har eg fått trua på at blogger.com kan levere for frendane med base i nordvest. Difor skal eg gjere ein freistnad på å etablere jokerpoker.blogspot.com
Det vert spanande å fylgje med i utviklinga!

16 januar, 2006

Haiku-dikt


På toppen
eit framifrå syn
snart nedover

Mitt fyrste bevisste haiku-dikt! Så frå no av heiter eg Magnus "Haiku" Hatløy, hehe. No lurer du kanskje på kva diktet handlar om? Biletet er kanskje noko avslørande, men det kom fram då klassa skulle tolke det, at det også kunne vere snakk om depresjonar, at det svingar opp og ned, eller at det kunne vere sumaren, og no bar det nedover mot mørkare tider og vinter... Mørkare tider og vinter??? Det er vinteren me gler oss aller mest til, er det ikkje det då? Eg stortrivst i alle fall då! For så vidt stortrivst eg heile året, men det er ei anna sak. I alle fall, her har eg no presentert mitt fyrste haiku-dikt. Spanande å sjå om det vert diktbok med det fyrste.

15 januar, 2006

Ski, Voss Myrkdalen

 



Idag var me karane utan gitarane på ski - jippi! Alltid godt å kome seg på ski, trass forhold som heldt til karakteren mædium. Men gildt var det, med sparkar og anna moro. Og fleire dagar i skilåmer hist og her skal det verta! Kjem sjølvsagt attende med meir, men diverre vart det lite filmproduksjon denne dagen, grunna etter måten overskya himmel/small sikt. Posted by Picasa

11 januar, 2006

KRIK-trening numero uno

Då er det historie. Mi fyrste trening med ansvar i Student-KRIK Bergen. Å det gjekk fint, trass litt komplikasjonar i skranken på veg inn. (Tok 20 min før eg slapp inn!)

Andakta også gjekk ganske bra trur eg. Fekk positiv tilbakemelding iallefall, men det ville eg kanskje fått uansett korleis det gjekk,hehe..
Snakka iallefall om det å vere trygg på det ein står for, og tore å invitere med seg folk på KRIK. Utfordra alle til å tenke på ein konkret venn, som dei gjerne måtte utfordre og vie litt ekstra tid. Håpar det kan bere frukter!

"Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik". (1. Tim 4,12)

"For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre". (2. Tim 1,7)

10 januar, 2006

Topptursug...

Gler meg til eg skal gjere slikt igjen. For eit herleg liv det er, når ein nyt fineveret til fjells! Veke 9 har eg vinterferie, eller studieveke om du vil. Då ber det lukst heim til dei fagre fjell i syningom. Då tek eg ikkje til takke med Kvamskogen og omegn. Då vil eg ha sterkare kost. Grøtdalstindane. Svinetinden. Åvasstinden. Vassdalstinden. Vakt dykk, for då kjem eg. Om ikkje på vitjing til alle, så i alle fall til nokre av dykk... Posted by Picasa

09 januar, 2006

Årets fyrste fjelltur

Måtte legge inn denne enkle montasja frå årets fyrste fjelltur. Pappa og eg var opp på Kiberget, eg hadde med miniskia som biletet viser. Moro! Faktisk litt laussnjo, så då er alt velstand ;-)

Oppfordrar til å leite fram gamle miniski i garasjer og på loft - Dei skaper mykje moro ut av lite snøressursar!

08 januar, 2006

Skeissedag, Grimstadvatnet

Ein del av gjengen avslutta den fræve juleferia med skeissegong på Grimstadvatnet. Ein flott dag, Sunnmøre verdig! Sjekk stilen deira - kvar med sitt særpreg. Eit herleg ensemble!

Nære band

Eg fekk luven til å freiste lukka med litt poesi då eg tok dette biletet. Tykte det vart fint og gav inspirasjon. To korte dikt fylgjer.

Nære band

Band knytte.

Relasjonar bygde.
Nære.

Gode.
Vennskap.


Ljoset
Ljos.

Tryggleik.
Varme.
Ein felles ljosvoktar,
som gir liv-
til deg og dine greiner.
Ærast den som ærast bør. Amen!

Heimfjella sin fagerdom

Eg har fått opna augo enno meir for fjella heime på Hod. Flott terreng, og FOR ei utsikt! Sjå føre deg ein innbydande skjergard i vestleg retning, i tillegg til dei ekstravagante fjella i meir austleg retning. Og nei, eg tenkjer ikkje på Melshornet, men fjella kring Ørsta og omegn, gjerne kalla Sunnmørsalpane. Dei kan rett og slett måle seg med kva som helst!

I jula fekk eg gått meg 5 turar i fjella heime, i godt lag med vekselvis familie, frendar og meg sjølv. Gode naturopplevingar på ulikt vis alle turane. Anbefalar å freiste lukka med turar aleine, sjølv om det er triveleg med lag! Ein legg merke til så utruleg mange flotte detaljar då! Ein får tid til å koble tankar oppover i skyene, ein ser gode foto-objekt - i det heile: Ein har det frævt i fjellet. Det kan mesta verte eit slagord, eller eit ordtak kanskje, om eg tek litt hardt i: "Frævt i fjellet". Ha. Den satt! Om enn ikkje spikra fast, så i alle fall laust, men godt. Men no lyt eg runde av her. Har fleire gjeremål på trappene! Rundar av med nokre glimt frå turane. Det fyrste er forresten frå Mosvarden, mot fagre sunnmørsalpar.

Mosvarden: Kris og eg kosar oss. 360' med miniski, men skia låg att!

Skafjellet på solovandringa mi. Trolsk skoddedis. Flott, man!

Utsikt frå Kongen på Lågskjervene i skumringa. For ein himmel!

04 januar, 2006

Jul - Fridomstid

Signa godt år, frendar! Eg hugheilar dykk alle djupt inn i hjarterota! Ikkje alle like djupt inn da. Ikkje Kjell Tormar og Vigdis-Petra, men elles gjeld det alle. Dei også forresten. Det hjalp å skrive det. No er eg tom for hat. Forresten, eg hadde ikkje noko hat når eg tenkjer meg om. Er visst berre litt inspirert av ei sær bok eg har lese i jula. Doppler. Sært. Men frævt. komm..nei..Punktum.

Det har vore framifrå å lade batteria for eit nytt semester ved å rangle dag etter dag her heime på Sunnmøre, etter dagar med ski, svevn og familiære aktivitetar. Rett og slett gildt. Kombinasjonen fri & Hod (Ja, Hareidlandet) er fræv! No har eg 4 dagar att her heime. I dag har eg faktisk måtta gjort skulearbeid, i samband med ei KRL-oppgåve om KRL-faget. Resten av dagane skal eg nyte, vonleg med ein tur på ski, familie, frendar, åremålsfeiring for Kristian, spel, osv. Søndag ber det ned til Bergen att i kjevla mi! Fyrste langtur, med Knut og turtelduene som gjestar, pluss baggasje frå heile bygda. Mandag tek altså kvardagen til... Men det er kjekt det og! Enno meir sosialisering, her kjem eg! ;-) KRIK, skule, Norkyrkja, frendar, stoder - frævleik! Biletet er eit glimt frå strandafjellet 2. juledag. Kjempedag! Fint bilete, Johannes. Takk!

 

-->