26 februar, 2006

Stranda introduserar "studieveka"!

Torsdag bestemte me oss for at me fredag etter skulen skulle reise strake vegen til Stranda, der køllene Kriss & Henn venta, saman med resten av student-KRIK Trondheim og min kjære bror og hans frende Luigi..nei..Mario!

Det vart i sanning ein vellukka vri på heimreisa! Gled dykk til filmen, seier eg berre! Spaningsmomentet litt i kor kjapt den vert ferdig,hehe..

Godt å vere heime no! Vert verande til neste mandag - herleg! Vonleg mykje ski og ein del jobbing:)

Har vore lite oppdateringar å skode her på bloggjen i det siste. Men slik er det med bloggarlivet som livet elles - Det går opp og ned. Hehe. Har ikkje vore særleg ned i humør og den slags, misforstå meg rett, men i oppdateringstrott har eg vore litt nede. Difor ikkje noko før no. Ta det, eller lat det vere, som dei seier i eit engelsk uttrykk...

01 februar, 2006

Strynvitjing til fam.Netland

Men før veke 5 kjem søndag i veke 4, og den skal brukast til topptur på Natakupa! Etter toppturen laurdag kom nemleg Kjell Øystein innom Nordfjord og slo av ein liten prat med lærar Per, før han tok meg med seg til Stryn.
Der venta ein utruleg god pizza som broren Runar laga, før me kvelva allereie i 10-tida. Det gjorde godt med ein 11 timars blund, før me tok til på den strabasiøse turen mot toppen av Natakupa...
Den turen kan oppsummerast slik: Kjellø si binding datt av før me var skikkeleg igong, så han måtte nedatt for å låne ski på skisenteret. Då var trekket kjekt å ha, så me slapp å avbryte heile turen! Etterkvart hadde me sikt på omlag 5 meter, i alle fall ikkje meir... Me måtte snu før toppen. Beina saug litt lut, omlag 4 desiliter, men det var moro likevel:) Føret var fint over omlag 700m. Alltid konge med fint føre!

Vel nede på prestegarden i Stryn venta ein framifrå middag, før eg kasta meg på bussen til Bergen, saman med Jon Fosse. Det hadde vore ei innhaldsrik veke. No venta kvardagen igjen, med diktanalyse, praksisplanlegging, eigenlaga middagar, osv. Det vert litt omstilling ja, ikkje til å stikke under ein stol det... Men for ei veke:) Den var verdt kvart eit minutt ekstra som eg må ta att av lekselesing, utan tvil! Men no skal eg på evalueringsmøte for Kanonballet med KRIK! Så no kan eg ikkje skrive meir! Fred ut.

Å ja, du stussa på at eg tok bussen saman med Jon Fosse. Eg las boka utan punktum: Det er Ales. Spesiell, men lesverdig! Godt skriven. Det var forklaringa. Atter ein gong, fred ut.

Nordfjordvisitt

Busstur til skulen
Eg sat på med skulen, biletleg sett, og kom fram til skulen ut på kvelden etter ein triveleg busstur saman med Bua (Bu- og arbeidstrening) og nokre elevar. Bua skapar sanneleg liv i leiren! Skikkeleg festleg å lytte til Geir Ove og Narve si ordveksling om det var kosleg eller ei med øl i åremålsfeiring. Krangelen gjekk omlag slik: "Øl, koseli" "Nei, Brus!" "Øl, koseli" "Nei, Brus!" "Øl, koseli" "Nei, Brus!" "Øl, koseli" "Nei, Brus!" "Øl, koseli" "Nei, Brus!" 2 festlege karar:)

Opphald
Fredagskvelden gjekk med til kortspeling, før me tidleg gjekk til sengs. Me var trass alt trøytte etter ei heil veke på ski! Litt rart å vere her med ikkje fleire folk enn at alle får plass rundt eit bord i matsalen...

Topptur på Berdalsegga
Neste morgon bar det til Berdalsegga saman med Lars Ove stipp, Nils Gunnar, Jone, Ingrid, Kristine og Steinar. Ein fin tur, trass overskya ver. Men 5 skidagar etter råkes merkast godt i beina på veg nedatt... Beina gler seg til veke 5 sidan den ikkje inneheld fullt så mykje skilauping. Resten av lekamen meg gler seg ikkje på den same måten til mindre ski kan du sei...

 

-->