07 oktober, 2006

Haretur

Det var ein fredag Mario "Ej lika å stå i bar overkropp" Luigivåg trong litt skulefri, at han tok vegen innom eldstemann Hatløy for å søkja husly. Saman kveikte dei ein plan om frævleik i Vartdalsfjella, men då laurdags morgon kom var det heilgrått og regn, så planen vart endra til ein tur ikring i Hoðrfjella. Dette skulle vise seg å verte noko dei ikkje angra på, for etter å ha gått via Kiberget/Nevstadnipa, over til Storebroren og Sarshornet, så strena dei ret mot Mosvarden. Dykk kjenner gjerne til "Hoðr låmleik"-åstaden, som no også ber tilnamnet "harekåken". Det hadde seg nemleg slik at harepusen Luigi la seg til under ein hellar. Med eit dukka ein annan harepus opp, tydeleg interessert i å kome på vitjing til oss. Eller var det me som kom på vitjing til han? Ja, i sanning! Det var det visst! For etter 10-15(!) minutt med haren luntande ikring oss (på det næraste berre ein meter ifrå), så drog han oppover låma. Då leitte me om det kunne vere bupelen hans som lokka han til desse traktene sjølv om me var ringside, og ja, i sanning, det var det! Der fann me holet som bar ned i bustaden hans. Det låg faktisk eit par soppar nedi der, så no veit dykk at haren et sopp!

02 oktober, 2006

Det gode liv - Eit døme



Åretak. Glidande ro. Styrkande fagre omgjevnadar. Styretak. Eg nyt det. Det plaskar så smått, men det er ikkje bråk. Berre kræe som hoppar.

Stemmer, men ikkje såd. Bålkos, latter. Snop. Bollar. Pannekaker. Omelett. - Mangfald i matavegen. Broderleg deling.

Lovsong. Takk til han som har gitt oss høve til å oppleve alt dette. Nyte roa. Nyte stjernehimmelen og nordlyset. Nyte naturen. Nyte skaparverket. Takk Gud!

Aasentunet relansert!



Eg gjer ein ny freistnad i "skriv-om-deg-sjølv-på-verdsveven"-verda! Friskt mot vil ikkje automatisk føre med seg noko som liknar suksess, men der det er slåp er det håp, så no skal den o store "glåp" mellom førre innlegg og dette ikkje oppattakast. Fylg med, flyg med! 

 

-->