25 februar, 2007

Strandavisitt med trønderpreg!

Me e also so heldige me perane! Her kjeme kanaljane frå barteland rekande rett so d e, t perfekt tid; når me e på vei heim t fagre ulsteinvik - bere teiming ska en leite længe ette! å bere kvalitet på dei 17 timane d gjekk frå me traff dokke t me for frå stranda ska en leite lenge ette!

å meir heldige enn me tre pavelsperane va so fekk overnatte me syskjenban Cecilie pluss Stian å Tuva ska godt gjerast å vere! Stor og god gjestfridom!!

godt muli d kjeme meir rapporta frå åtgaumen me samkøyrde i låmene kring strandafjellet skisenter - for d va i sanning frævleiksbasert!

20 februar, 2007

Strandafjellet lokkar!

Puh! No kan eg endeleg puste ut! Påmeldinga til Strandaturen har gått av stabelen, og eg fekk plass - heldigvis! Då er det berre å fokusere på skulearbeidet som må til får å fortjene x antal dagar med sunnmørsk pudder. Ei oppgåve i pedagogikt, og ei i matemagikt...

Stranda, pudder, bobil, film, foto, snø, sol frå skyfri himmel, Hevsdalsheimen, gode vener - orda kling som musikk i mine øyrer!

18 februar, 2007

Pant


Denne helga har vore pant, rett og slett. Med tanke på ski sjølvsagt. Difor seier eg det. Sidan det stort sett er det som står i hovudet mitt for tida. Ski altså. Og pant. Pant seier du? Ja, pant. FOrdi eg må pante relativt mykje tid til oppgåveskriving. Pedagogikt kallar dei det. No forstår eg endeleg kvifor folk seier at dei kjenner på gikta. Det er pedagogikta det er snakk om!

Men frå spøk til revolvar, så har eg hatt ei bra helg trass panten! Eg har fått servert nydeleg middag to gongar, med påfylgjande speling i beste grimstingånd, og eg har sett film og vore på KRIK-messe. Har til og med lagt inn innlegg på bloggen med tittelen pant! Sært i seg sjølv... Tyder på lite motivasjon til anna meir vetugt arbeid... Roleg helg følest det som, men det har visst skjedd litt likevel. Eg har gitt kroppen den truleg naudsynte kvila den gav beskjed om at den trong, utan å verte heilt frisk på flekken slik eg skulle ynskje... Menmen - til fredag er eg nok frisk som ein fisk, klar for Strandafjellet, heimeliv og fagre Sunnmøre sin gode påverknad på alle vis!

16 februar, 2007

Styretur med KRIK - Hallingskeid 10.-11.2

10.-11. februar hadde me ein framifrå styretur til Hallingskeid der me fekk myldra kring vidare KRIK-drift, sveisa oss godt saman og nytt Guds fantastiske natur! Betre vêr enn laurdagen kunne by på skal ein leite lenge etter! Fleire bilete av sosial omgang og leik i snøen kan du skode her om du vil.




Eikedalen IGJEN! 9.2

Eikedalen lokkar- IGJEN!! Den gode perioda held fram, no med Eikedalen fredagen i same veka! Det gjeld å nytte høvet når det er gode tilhøve i Bregn og omegn, noko me har ei kjensle av å ha klart nokonlunde bra i det siste! Idag var vår kjære Hanne også med oss, i tillegg til kompis Anders. Rett triveleg hadde me det, både i låma og utanfor låma! Det er fleire bilete å skode frå denne turen og, om du trykkjer her!


Hybelkveld hjå Pavelsperane 7.2!

Aktiv periode for tida! Det gjeld å gi gass når ein kan, og det veit me pavelsperane å gjere!! Me var ferdig med store oppgåver kring den helga me var i Myrkdalen, og peiste på med ski torsdagen, som dykk kan skode under. Onsdag var det tid for stormvask av kåken, før me opna den fint pryda inngangsdøra vår for KRIK-allmugen. Storstas med nærare 60 godlynte lekamar på vitjing!

Her ser du nokre biletprov på hendinga, og fleire har du høve til å skode her om du vonar.

Eikedalen i HINSIDES fint ver!


Ei god skiperiode er i emning.. Myrdalen i helga, og no Eikedalen med ein liten gjeng på tirsdagen etter. Dei heldige perane og perinnene som fekk nyte pudder og blå himmel var oss tre pavelsperane pluss Kriss og Pæm - ein priviligert gjeng! Skod fleire bilete her!

KRIK-tur til Helgatun i Myrkdalen!


Me hadde ein framifrå tur, med mykje lått og løye! Skod bileta her.

 

-->