19 mars, 2006

Sunnmørspylsevev

Kven skulle tru, at nokon kunne bu.. Nei, det var ikkje det eg skulle skrive! Kven skulle tru, at Magnus skulle bu... Slik var det. Eg held fram ...i Ulsteinvik i veke 11! Jau, slik vart det! Kjell ringde meg fredags ettermiddag i veke 10 og spurte om eg var interessert i å vere vikar ei veke, fom torsdag. Eg sjekka om eg kunne innvilge meg slike goder, og fann ut at: Ja, høgskule er ein fin ting. Er det relevant, så går slikt an. Har faktisk lese medan eg har vore her heime også. Når rapportane frå underdisninga seier dørgande kjedeleg, har eg ikkje litt dårleg samvit ein gong:) Det einaste minuset no er at snøholeturen med troppa vart avlyst grunna veret (Les: Regn), og at det har smelta vekk ein god del snø her heime, men det lyt eg leve med! Eg har trass alt fått jobba ein god del og tjent verdifulle grunkar til bilfinansiering. No skin i sanning sola inn vindauget også. Eg trur eg lyt ta eit avbrekk i avbrekket frå pedagogisk psykologi-lesinga for å ta ein tur til fjells. Brørene. Smak på det. Godt, eller kva? Ja. Det tykkjer i alle fall eg. Sunnmørspylsevev? Nei, teksta handlar ikkje om noko pylsevev. Det einaste måtte vere måren eg har ete. Mmm. Men det var eigentleg berre eit blikkfang det. Det fungerte godt ser eg, for du las heile artikkelen;)

08 mars, 2006

Sunnmørssvev!


Jåo, vyrde frendar! Cj beordra meg til å vere kul, så eg tenkte: ja, kvifor ikkje! :p

Skikkeleg morosam dag! Me bygde hopp i Skåla nedanfor Saudehornet og Nivane. Er du i nærleiken, så ta gjerne turen opp og freist lukka, så lenge hoppet er der.

Legg ved nokre bilete tekne av CJ. FIlma litt sjølv, men det kjem vel ikkje ut i rampelyset med det aller fyrste. RTT - Redigering tek tid...

03 mars, 2006

Mystiske Maren

Ikkje særleg mystisk når ein får skode bilete, tenkjer du no. Jau, det var mystisk. Mystiske Maren. Kjeksa som la inn innlegg på Kølleweb, til og med med eit stot bilete av seg sjølv. Som om det var den naturlegaste sak. Kred verdig. Difor denne artikkelen. Eg er veldig opp og ned med oppdateringa her, men no var det på tide. Og høveleg. Det er trass alt ei typsik blogg-sak. Bloggarinna som bloggar med fynd, klem og bikini på. Nyfiken no? Då har du ein heil del lesestoff framføre deg. www.kolleweb.com. Men fort deg. Artiklane forsvinn fortare ut enn du rekk å finne ut kven denne mystiske gjesten eigentleg er.

No skal eg på KRIK for å møte gode gamle frendar, nye folk og vonleg Sjefen sjølv. Håpar på eit sprudlande ord for dagen idag. Gårsdagengav med noko åndeleg sett. Håpar eg. Trur eg. Lagsmøte. Forbønn. Godt! Kristenlivsgløden er heva. Vonleg. Ja, det trur eg. Takk skal du ha, mister;) Ære!

 

-->