10 desember, 2005

Tanzania med Global-KRIK

Tanzania, her kjem eg! Jippi!

Eg har vore så heldig at eg kom igjennom nålauget, og fekk plass på student-KRIK Bergen sitt Global-KRIK "tim", som skal reise sørover i 2 veker i månadsskiftet juni/juli. Me er 4 stykker som reiser nedover, 2 gutar og 2 jenter. Mari, Julie, Roman og meg. I januar starta planlegginga av kva me skal gjere der nede. Eg gler meg stort! Tenk å få vere med på noko slikt!!

Det kjem garantert meir om dette emnet i bloggen seinare!

08 desember, 2005

Joleverkstad i Pavelsvei 25

Tirsdag 6. desember var det tid for den (hittil og littil) årlege joleverkstaden i Pavelsvei 25! Det var stor stas frå mandelen i grauten i 4-tida, til me avslutta i 1-tida. I mellomtida laga me 7 slag jolekaker og ei etter måten hinsides lang lekkje, frå enden av vår stove til enden av stova til tausene i kjellaren!

Lurer du på kva slag jolekaker me produserte? Jau det var jolemenn og kvinner, peparbukkar og pepartre, mintkuler, brente mandlar, marsipanlurar og andre kreasjonar, ein variant av riskaker med sjokoladetrekk og krumkaker. Ikkje noke fill her i garden nei!! Rettesleg gildt var det, frå ende til annan! Stor takk til Big Playah Ingrid Skillz for inspirasjon og pådrivingskrefter!

07 desember, 2005

Fræv biletkunst

Her har Frede teikna oss sambuarane. Er det ikkje flott vel? Me kosar oss her i Pavelsveg saman, med vitjingar og utflukter hist og her. Rett triveleg har me det, dag ut og dag inn!
Dette biletet er å skode også på vår inngangsdør, så om du står utanfor og er usikker på om det er her dei rette karane bur, så er svaret ja:)
No vart det nok svada for dette innlegget! Meir meiningsfylte innlegg er på trappene!

Ny mellombels nettstad

Hei kjære frendar! Velkomen skal dykk vera!
Som dykk kanskje har observert, har det vore etter måten lite liv på nettstaden min i det siste. Grunna ynskje om å utbetra nettstaden utan å kalre å setje av tid til det, har eg ikkje fått gjort det enno. Men det er av nyårsforsetta mine, så vonleg kjem eg sterkt på bana på nyåret!

Slik! Då har eg fått brukt litt meir tid på å ikkje førebu meg til eksamen ved å opprette denne skrftstaden her, såkalla "blog" på folkemunne. I dagane framover vil det vonleg for omverda kome ein del mindre seriøse innlegg om hist og pist. Lær. Lytt. Læs. - Med fræs!

 

-->