07 oktober, 2006

Haretur

Det var ein fredag Mario "Ej lika å stå i bar overkropp" Luigivåg trong litt skulefri, at han tok vegen innom eldstemann Hatløy for å søkja husly. Saman kveikte dei ein plan om frævleik i Vartdalsfjella, men då laurdags morgon kom var det heilgrått og regn, så planen vart endra til ein tur ikring i Hoðrfjella. Dette skulle vise seg å verte noko dei ikkje angra på, for etter å ha gått via Kiberget/Nevstadnipa, over til Storebroren og Sarshornet, så strena dei ret mot Mosvarden. Dykk kjenner gjerne til "Hoðr låmleik"-åstaden, som no også ber tilnamnet "harekåken". Det hadde seg nemleg slik at harepusen Luigi la seg til under ein hellar. Med eit dukka ein annan harepus opp, tydeleg interessert i å kome på vitjing til oss. Eller var det me som kom på vitjing til han? Ja, i sanning! Det var det visst! For etter 10-15(!) minutt med haren luntande ikring oss (på det næraste berre ein meter ifrå), så drog han oppover låma. Då leitte me om det kunne vere bupelen hans som lokka han til desse traktene sjølv om me var ringside, og ja, i sanning, det var det! Der fann me holet som bar ned i bustaden hans. Det låg faktisk eit par soppar nedi der, så no veit dykk at haren et sopp!

4 Comments:

At 5:26 p.m., Blogger Silje said...

Etter å ha fått heimesladder-avisa "Eg-posten" ser ej at dokke he fleire hobbya tilfelles! Guttekveld m fotball ekje dumt.

 
At 4:33 p.m., Blogger Lillian said...

Åpent hus/20 års fering med litt digg og sosialt samvær fredag i sydneskleiven 22 frå kl 20.00. Ta gjerna turen:)

 
At 4:43 p.m., Blogger aasen said...

Høyrest kjekt ut! Skal høyre om Eddie vil vere med - håpar det er greit:)

 
At 8:09 p.m., Blogger Haugtussa said...

Så du oppdatere bloggen av og til du og ja. Artig! kjekt å få sjå bildet av den flotte harepusen. lykke til videre i praksis

 

Legg inn en kommentar

<< Home

 

-->