19 mars, 2006

Sunnmørspylsevev

Kven skulle tru, at nokon kunne bu.. Nei, det var ikkje det eg skulle skrive! Kven skulle tru, at Magnus skulle bu... Slik var det. Eg held fram ...i Ulsteinvik i veke 11! Jau, slik vart det! Kjell ringde meg fredags ettermiddag i veke 10 og spurte om eg var interessert i å vere vikar ei veke, fom torsdag. Eg sjekka om eg kunne innvilge meg slike goder, og fann ut at: Ja, høgskule er ein fin ting. Er det relevant, så går slikt an. Har faktisk lese medan eg har vore her heime også. Når rapportane frå underdisninga seier dørgande kjedeleg, har eg ikkje litt dårleg samvit ein gong:) Det einaste minuset no er at snøholeturen med troppa vart avlyst grunna veret (Les: Regn), og at det har smelta vekk ein god del snø her heime, men det lyt eg leve med! Eg har trass alt fått jobba ein god del og tjent verdifulle grunkar til bilfinansiering. No skin i sanning sola inn vindauget også. Eg trur eg lyt ta eit avbrekk i avbrekket frå pedagogisk psykologi-lesinga for å ta ein tur til fjells. Brørene. Smak på det. Godt, eller kva? Ja. Det tykkjer i alle fall eg. Sunnmørspylsevev? Nei, teksta handlar ikkje om noko pylsevev. Det einaste måtte vere måren eg har ete. Mmm. Men det var eigentleg berre eit blikkfang det. Det fungerte godt ser eg, for du las heile artikkelen;)

 

-->