01 februar, 2006

Strynvitjing til fam.Netland

Men før veke 5 kjem søndag i veke 4, og den skal brukast til topptur på Natakupa! Etter toppturen laurdag kom nemleg Kjell Øystein innom Nordfjord og slo av ein liten prat med lærar Per, før han tok meg med seg til Stryn.
Der venta ein utruleg god pizza som broren Runar laga, før me kvelva allereie i 10-tida. Det gjorde godt med ein 11 timars blund, før me tok til på den strabasiøse turen mot toppen av Natakupa...
Den turen kan oppsummerast slik: Kjellø si binding datt av før me var skikkeleg igong, så han måtte nedatt for å låne ski på skisenteret. Då var trekket kjekt å ha, så me slapp å avbryte heile turen! Etterkvart hadde me sikt på omlag 5 meter, i alle fall ikkje meir... Me måtte snu før toppen. Beina saug litt lut, omlag 4 desiliter, men det var moro likevel:) Føret var fint over omlag 700m. Alltid konge med fint føre!

Vel nede på prestegarden i Stryn venta ein framifrå middag, før eg kasta meg på bussen til Bergen, saman med Jon Fosse. Det hadde vore ei innhaldsrik veke. No venta kvardagen igjen, med diktanalyse, praksisplanlegging, eigenlaga middagar, osv. Det vert litt omstilling ja, ikkje til å stikke under ein stol det... Men for ei veke:) Den var verdt kvart eit minutt ekstra som eg må ta att av lekselesing, utan tvil! Men no skal eg på evalueringsmøte for Kanonballet med KRIK! Så no kan eg ikkje skrive meir! Fred ut.

Å ja, du stussa på at eg tok bussen saman med Jon Fosse. Eg las boka utan punktum: Det er Ales. Spesiell, men lesverdig! Godt skriven. Det var forklaringa. Atter ein gong, fred ut.

2 Comments:

At 11:30 a.m., Anonymous Anonym said...

Takk for turen Magnus. Det var ein flott tur, sjølv om vi hadde litt dårleg sikt. Eg har vore på Natakupa to gonger etterpå, seinast på søndag med fattern. Flott vær og pudderføre:) Så du må nok kome igjen, så får vi komme oss til topps! snakkes

 
At 4:43 p.m., Anonymous Anonym said...

Virke som om du har de bra Magnus, og som om du og Kjellø hadde ein aldeles framifrå tur ;) Det gler meg! Hadde vore kjekt å ver me ein gong..hehe..snakkes i sommar håpe eg!

 

Legg inn en kommentar

<< Home

 

-->