Den hyppige bloggaren Magnus slår til! Det har vore ei innhaldsrik helg med min kjære bror på vitjing. Me har vitja Hanne Marte, vore på "jobbintervju"/synfaring og vore i Norkyrkja, i tillegg til alt det spanande du finn nedanfor. Vert å merke seg at Gollongen fekk seg jobb, så no er alt berre velstand for planane etter militæret, bortsett frå manglande kåk...
Fredag kveld var ein gjeng grimstingar/ulsteinvikingar med relasjonar samla heime hjå Siljus og kompani i
Fyllingsveien 31 for å lage pepparkakehus og kome i julestemning! Det var i sanning gildt, og me fekk attpåtil godkjent Silje sin utkåra, Jostein, ved å grille han med meir eller enda meir seriøse spørsmål. Han vart kanskje litt skremd av oss, men ikkje meir enn at han framleis er på taalefot med oss,hehe;) Du var i sanning ein likandes kar, Jostein!
At pepparkaakehusgledja vart noko amputert "dagen derpå" grunna klimaet hjå kjeksene i Fyllingsveien 31, skal eg ikkje utdjupe noko nærare grunna fare for svekka julestemning, men du kan lese meir om det inntrufne på lekkjen over!
Elles hadde me jolebadl i Student-KRIK Bergen igår, noko som i sanning var ein fest! Årets "DanseFotBall" svarde til forventningane med eit innhaldsrikt program og god stemning. Legg ved nokre bilete, og viser til "Galleriet" på Student-KRIK Bergen sine sider om dykk ynskjer å skode meir.
Idag vakna eg smått utrulege 13.45(!) Herleg "dagen derpå";)