14 april, 2006

Hodr Låmleik har vorte røyndom... fræv røyndom!

Glimt frå elvesprett (Uforståelegnemning for deg? Tenk "Road Gap", berre at det var ei elv...) på "Hodr låmleik", skjærtorsdag, i nordvestleg retning for Mosvarden. Ein åtgaumsfylt dag, vel verdt turen! Eller kva, karar?


3 Comments:

At 11:02 a.m., Blogger Haugtussa said...

ser kjekt ut! Eg holde på å slå opp i ordbokå nå for å forstå overskriften!

 
At 11:19 a.m., Blogger Haugtussa said...

Okey. Den overskriften har eg problem med. Kva er Hodr? Eg prøvde å slå opp "hodr" på ordnett, men det gjekk ikkje. Så prøvde eg "hod" og då fekk eg:

hod: subst.
1( bygg, til murstein) bærebrett
2( bygg) kalkkasse
3 kullbøtte, kulkasse

Det ga ikkje akkurat meining!

Så slo eg opp fræv. Då fikk eg:

fræv -t, -e (spiredyktig, produktiv)

Røyndom forsto eg fra før av, og låmleik er eit godt ord, men eg har enno ikkje klart å få meining ut av den overskriften!

 
At 12:13 p.m., Blogger aasen said...

Det var i sanning kjekt, Kristin! Ikkje verst at du la såpass mykje arbeid ned i å forstå overskrifta!

Men er nok ikkje alt du finn i ordboka. Då må det i so fall vere lokale ord og uttrykk. Eg skal hjelpe deg bortetter vegen:
Hodr - tidlegare namn på vår kjære øy som me bur på her heime. Den heiter no Hareidlandet offisielt sett, men me likar framleis å omtale den som Hodr, som spelar meir på vår halvdel av øya, og ikkje Hareid, som er den andre kommuna på øya...:)

frævleik - fruktbarhet på bokmål. fræv - fruktbar.
Me nyttar det i litt vid tyding for å få nytte det ved fleire høve. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at det var fruktbart. Våre hjarte fryda seg, og me gler oss allereie til neste år, når tradisjonen held fram!

Låmleik er eit særs godt ord spør du meg. Var bror min som kom på at me skulle kalle hendinga for nettopp dette. Det tyder leik i låma, og ei låm er der ein renn på ski, fortrinnsvis i ein bakke.

Då veit du det:)

 

Legg inn en kommentar

<< Home

 

-->